top of page

Kaffibar / Kafé / Minibakeri

Velkommen til
Det Gule Huset

IMG_2213 (1).jpeg

Historia

Midt i hjarta av Sogndal

ligg Det Gule Huset – ein liten, koseleg kaffistad med stor kjærleik for god kaffe og gode samtalar. Her har vi skapt ein plass der folk kan senka skuldrane, ta ein pause frå kvardagen og nyta ein kopp nybryggja kvalitetskaffe i varme og uformelle omgjevnader.

Det heile starta med ein draum om å kombinera lidenskapen for kaffe med ønsket om å bygga fellesskap. Kaffien vi serverer er brent med omtanke i Sognefjord Kaffibrenneri, og vi legg stoltheit i å tilby reine, ærlege smakar – utan snarvegar.

I tillegg til kaffe har vi vårt eige vesle minibakeri, der vi bakar ferske bollar og andre godsaker kvar einaste dag. Lukta av nybakt og smaken av heimelaga bakverk er ein viktig del av opplevinga hos oss – og eit perfekt følgje til kaffien i koppen.

Enten du stikk innom for noko varmt å drikka, noko søtt å smaka på, ein prat, eller berre ei stille stund for deg sjølv – er du alltid velkomen innom Det Gule Huset.

att.N88NO3g8mBe1-ePTJlvq-_YKO-nwpkPWP4bjQhLXuZw (1).jpeg

Meny

Tekst her

Drikk deg ein kaffi

Bakverk

Nam nam

​

Kjøp deg ein bolle!

Butikken

Ta med noko du likar

Sjå våre produkt frå lokale produsentar

Følg oss

bottom of page